– Austrheim er ein god plass for ungdommane

Lensmann Kjell Idar Vangberg meiner Austrheim er ein god plass å veksa opp.

Torsdag 8. november var lensmannen i Nordhordland gjest i kommunestyret, der han orienterte om korleis politiet ser på ungdomsmiljøet i Austrheim, særleg med tanke på narkotikabruk.

Lensmannen innleia med at Nordhordlandsregionen samla sett er ein veldig bra plass for ungdommar, og la til at han hadde merka seg det gode arbeidet som skjer nord i regionen.

– I Austrheim og Radøy ser me at det vert gjort mykje bra arbeid opp mot ungdommane, med ungdomsklubbar og eigne ungdomsarbeidarar. I desse miljøa skjer det mykje godt førebyggande arbeid, som gjer at politiet får mindre å gjera, sa Kjell Idar Vangberg.

 

Viktig med eigen skule

Lensmannen var samstundes tydeleg på at det eksisterer narkotikabruk og andre negative miljø også i denne delen av Nordhordland.

– Det har utvikla seg litt dei siste åra. Det treng ikkje vera så graverande, det er ganske få av ungdommane som rotar seg opp i tunge stoff, men me er opptekne av å nå fram til dei så tidleg som mogleg. Me vil informera dei om konsekvensane av å vera borti narkotika.

Som i andre regionar er det slik at narkotikabruk er mest omfattande i meir sentrale strøk, som i Nordhordland vert i Knarvik.

– Her i Austrheim har de ein eigen vidaregåande skule, og det er veldig bra. For dei som er elevar på den vidaregåande skulen i Knarvik er det mykje lettare tilgang på narkotika enn for dei som er elevar på Austrheim.

 

Frå ung alder

Lensmannen sa til kommunestyret at dei som prøver narkotika kan vera borti hasj, ecstasy og amfetamin.

– Det er ein del som vert avhengige, slik det også er med alkohol. Avhengighet er ikkje alltid lett å sjå, det er enkelte som brukar hasj eller kokain fleire gonger i månaden heile livet, utan at det vert oppdaga, sa Vangberg.

– Det er eit fåtal som er på heroin, men desse heldt seg gjerne for seg sjølve.

Brukarane kan i enkelte tilfelle vera heilt nede i ungdomsskulealder.

– Politiet har ganske bra oversikt, men me har nok ikkje full oversikt over det som skjer.

 

Må passa på

Lensmannen hadde nokre klare råd til foreldre og lokalsamfunnet elles for korleis ein kan sikra at ikkje ungdommar kjem borti narkotiske stoff.

– Har du ungdommar i hus, følg med på kva venner dei har, og om ungdommen din endrar karakter. Pass godt på dei som fell litt utanfor, for i dei negative miljøa kan desse verta tekne i mot med opne armar, sa lensmannen.

Vangberg la til at ein må vera merksam dersom eigne ungdommar får venner som er litt eldre og ikkje er i arbeid eller på skule.

– Målet må vera å stoppa 15-/16-åringane frå å komma oppi dette, heller enn å venta til dei vert narkomane.

 

Gje beskjed!

Lensmannskontoret i Knarvik tek gjerne i mot informasjon frå publikum om det er mistanke om narkotikabruk.

– Me tek i mot informasjon, og samlar opp og handlar ut frå den totale informasjonen  me har. Ta gjerne ein telefon til oss, det er betre med ein telefon for mykje enn ein for lite. Alle vil angra om dei ikkje ringer, og så ligg ungdommen der. De høyrer gjerne ikkje om det, men det er overdosedødsfall i Nordhordland kvart år. Dette er noko me ikkje vil ha ungdommane våre uti, sa lensmann Vangberg.

 

Still opp for ungdommane

Frå kommunestyret kom det spørsmål om kva ein kan stilla opp med elles, og om natteramnar var noko som fungerte. Lensmannen svara at dette med natteramnar ikkje er så aktuelt i dag som tidlegare, sidan ungdommane treffest heime hjå kvarandre og ikkje ute, og held kontakten gjennom sosiale media.

– Det er betre å ha natteramnar ute dei gongane det er ein skuledans eller liknande, der det er folk som samlast.

Ved ei tilstelling samfunnshuset på Austrheim no i haust var det bråk, og fleire saker er melde til politiet. Det var russen som arrangerte, men dei som laga bråk var ikkje russ.

– Dette er folk som kjem for å laga bråk. På slike tilstellingar må det vera skikkeleg vakthald, og her vil politiet stilla strengare krav framover, både med tanke på tal vakter og kven som skal vera vakter. Her må gjerne vaksne stilla opp, sa lensmann Vangberg.

– Kva er det me vaksne ønskjer, jau det er nettopp å gje ungdommane ein god oppvekst og ein god start på livet. Då må dei vaksne vera med og bidra til at det vert bra miljø for ungdommane, anten det er musikk, idrettslag, kristent arbeid eller anna.

Web levert av CustomPublish