Ærespris Steinar Ebbesvik 2018 vers 2

Ærespris til Steinar Ebbesvik

Det er mange i bygda som fortener ein pris for godt arbeid.
I «Musikkorpsenes år» 2018 ville Austrheim kommune dele ut ein Ærespris til ein som verkeleg har sett spor etter seg i kulturlivet i Austrheim, Steinar Ebbesvik

Grunngjeving for tildelinga:

Prisvinnaren har i heile sitt vaksne liv;

  • spreidd musikkglede til barn og unge
  • hatt ansvar for uteljelege prosjekt, og gledd innbyggjarane i Austrheim med  mange flotte kulturarrangement
  • dirigert både korps og kor
  • gleda unge og gamle med pianospel 

Tidleg på 90-talet gjekk han, med fokus på kvalitet, i bresjen for å starte «Kulturdagane Austrheim» i  samarbeid med lag og organisasjonar.

Han starta med blanke ark eit utdanningstilbod innan musikk, og
Austrheim Kulturskule har i 2018 35-års jubileum.
Kulturskulen har i dag eige bygg med eit positivt miljø der barn og og unge kan utvikle sine skapande evner.

Austrheim har hatt stor glede av arbeidskapasiteten til prisvinnaren, og
han betyr mykje for mange.

Æresprisen vert delt ut til Steinar Ebbesvik for sitt store engasjement og innsats innan kulturlivet i Austrheim.

Web levert av CustomPublish