Kunngjering av planendring for «Detaljregulering «Breivik/Åråsvågen/Sætremarka, planid. 2014004» - Godkjenning

I tråd med godkjenning i formannskapet den 14 juni 2018 kunngjer Austrheim kommune følgjande vedtak:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 godkjenner formannskapet planendring for detaljregulering Breivik/Åråsvågen/Sætremarka, planid 2014004. Plankartet er datert 06.03.2018. Reguleringsføresegner og planskildring er datert 28.05.2018. Planen erstattar gjeldande plan for Breivik/Åråsvågen/Sætremarka. Planområdet er lokalisert vest og nordvest for kommunesenteret og handelssenteret Mastrevik Torg.

 

Du kan lesa om planendringa på Austrheim kommune si heimeside  Det er og mogeleg å sjå planframlegget på kommunehuset.

Formannskapet sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 14. juli 2018 til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no. Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

DOKUMENT I SAKA:

Reguleringsplan

Planomtale

Reguleringsføresegner

Godkjenning av planendring

 

Rådmannen

 

Web levert av CustomPublish