egenberedskapslager-2

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) lanserte nyleg ein kampanje med råd om eigenberedskap, for at flest mogleg kan vere i stand til å ta vare på seg sjølv når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise.

Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister straum eller vatn, og gjere det vanskeleg å få tak i naudsynte varer.

 

DSB oppmodar alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp - og dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst.

I brosjyra DSB har gitt ut i samband med kampanjen, går dei gjennom dei grunnleggjande tinga du bør ha tenkt gjennom, og gir konkrete døme på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre døgn ved ei hending. Dei har óg laga ei liste over kva ein bør ha i hus. Lenke til DSB sine sider om kampanjen med informasjon, brosjyre og kampanjemateriell for kommunane finn du under.

Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. Myndigheitene anbefalar at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring.

 

https://www.dsb.no/egenberedskap/

 

https://www.sikkerhverdag.no/

 

https://www.fylkesmannen.no/Hordaland/Samfunnstryggleik-og-beredskap/Beredskap/Beredskapsarbeid-i-Hordaland/jodtablettar/

Web levert av CustomPublish