Jul Austrheim Arbeidssenter

Julegåvetips frå arbeidssenteret

Austrheim arbeidssenter har ei lita utstilling på Servicekontoret på kommunehuset, med diverse ting til førjulstida, og nokre julegåver.

Dei har mellom anna ein adventskalender med 24 krokar der du kan henga på kalendergåver, sitjeunderlag i ulike storleikar, klutar, skoposar, dukar, med meir.

Du kan anten komma innom på Servicekontoret og handla, eller svinga innom på Austrheim arbeidssenter. Austrheim arbeidssenter ligg rett over vegen for Seniorsenteret, ikkje så langt frå tannlegekontoret på Austrheim. Der er det ope måndag og torsdag mellom 08.00 og 15.00, tysdag og fredag 08.00 til 15.30. Onsdag stengt.

Austrheim arbeidssenter jul 2.JPG

 

Web levert av CustomPublish