KultfaceForside

GLEDE

Kulturdagane Austrheim 2018

No er det atter klart for kulturdagar i kommunen vår. Glede er slagordet for årets kulturdagar og glede håpar eg at dei mange arrangementa vil gje både publikum og arrangørar. I 2018 feirar Norges Musikkorps Forbund hundreårs- jubileum og dette vil bli markert med ein festkonsert i Austrheimhallen.  PROGRAM

 

I 11 dagar i oktober vil kulturdagane vera med å prega lokalsamfunnet vårt med Halloween feiring, song og musikk, utstillingar og publikumsfavoritten «Damenes Aften». Eg gler meg over at mange av arrangementa i år er både av og for barn og unge. Det er kjekt å sjå at barnehagar, skular og ungdoms- klubben tek aktivt del i kulturdagane. Eg gler meg storleg over at me til neste år får sjå seniorlaget vårt i 5. divisjon og eg håpar at publikum møter opp i hopetal og hyllar heltane når dei spelar heimekamp laurdag 20. oktober klokka 13:00. Fotball er også kultur!

Under kulturdagane skal også årets kulturpris delast ut og dette skjer under festkonserten og avslutninga av kulturdagane søndag 28. oktober. I år som tidlegare er det mange gode kandidatar som er nominert til prisen. Møt opp på festkonserten og hyll mottakaren av årets kulturpris.

Eg håpar at mange vil nna noko å gleda seg over under kulturdagane dennehausten.

Eg ønskjer publikum og arrangørar lukke til med årets kulturdagar.

Beste helsing Per Lerøy Ordføra

KulturFace4.jpg

Web levert av CustomPublish