Fonnes bygdelag 2018

Kulturprisen 2018 til Fonnes Bygdelag

Kulturprisen er meint å vere ein takk og ei oppmuntring til einskildpersonar, grupper eller lag som gjer ein verdifull innsats i lokalmiljøet vårt.  I 2018 ver det Fonnes Bygdelag som fekk denne prisen

Her er juryen si begrunning for å gje Kulturprisen 2018 til Fonnes Bygdelag:

Kulturprisen 2018 går til eit lag som er aktivt  i kulturlivet i Austrheim.

Laget har vist, at med samarbeid er dei i stand til å gjennomføre store prosjekt.
Dei tek del i samfunnsutviklinga, og er ein aktiv partnar i planprosessar
til beste for lokalmiljøet.

Laget har i mange år stått for ein tradisjonell og flott festival.
Det er spekka med eldsjeler som gjer ein formidabel dugnadsinnsats.

Leiar, og styret er førebilete på målretta frivilleg arbeid i samarbeid med det offentlege og andre gode bidragsytarar og støttespelarar.

Bygdelaget har på ein imponerande måte vore med på å skape
eit rekreasjonsområde, ein møteplass for folk som bur i bygda,
i kommunen og heile regionen. Det beste som har skjedd innan folkehelse i nyare tid. Noreg sitt vestlegaste fastlandspunkt framstår i ny prakt,
og er nå tilgjengeleg for alle.

Austrheim kommune vil med dette få takke for samarbeidet, og
det er ei stor glede her på Festkonserten i Austrheimhallen, å få dele ut
Kulturprisen 2018 til Fonnes Bygdelag.

 

Web levert av CustomPublish