Lokal forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg for Austrheim kommune - Offentleg ettersyn

Formannskapet i Austrheim kommune gjorde den 25.10.2018 vedtak om å senda Lokal forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg for Austrheim kommune ut på offentleg ettersyn i 6 veker. 

Dette i tråd med rådmannen sitt framlegg til vedtak. Grunngjevinga for vedtaket er å oppnå dei miljømåla som er satt i Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021. Du kan lesa om  forslag til forskrifta på Austrheim kommune si heimeside. Dokumenta i saka ligg også til offentleg ettersyn på kommunehuset i Austrheim kommune.   Det følgjer ved eit kart med forklaring til som viser korleis dei separate avløpa skal handterast i kommunen.

Merknadsfrist er sett til 15. desember 2018.  Merknad må sendast skriftleg til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Rådmannen

 

DOKUMENT:

Lokal forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg for Austrheim kommune

Resipientkart Austrheim

Lokal forskrift for seperate avløpsanlegg for Austrheim kommune

Resipientkart for Austreheim kommune - lokal forskrift 

Web levert av CustomPublish