Rasmus Wille

Optimisme på Mongstad

Equinor Mongstad er i gang med ombygging av varmekraftverket, og andre store prosjekt står i kø.

Rasmus Wille

Equinor jobbar no med ei løysing for mellombels vidare drift av varmekraftverket på Mongstad, fram til ei ny varmeløysing for raffineriet er på plass.

Varmekraftverket leverer i tillegg til straum også varme til raffineringsprosessen, og eit eige prosjekt er starta for å få på plass ei ny varmeløysing for raffineriet (refinery heat project - RHP).  

– Me er i full gang med å bygga om kraftverket, forklarer Equinor sin direktør for anlegget på Mongstad, Rasmus Wille.

– Ombygginga er venta sluttført våren 2020.

I starten av november var det tid for det halvårlege dialogmøtet mellom Equinor og vertskommunane Austrheim og Lindås, med oppdateringar på kva selskapet gjer for å sikra ei god drift av anlegget framover. Der orienterte Wille mellom anna om korleis Equinor jobbar med å sikra varme til raffineriet også etter at avtalen om leveranse av gass frå Troll går ut.

Fleire store prosjekt

Equinor Mongstad har store vedlikehaldsprosjekt gåande, mellom anna med det omfattande overflateprogrammet som pågår.

– Me har ein betydeleg auke i arbeidstimar i 2018, som er uvanleg for eit år utan revisjonsstans. Arbeidet me gjer no skal gjera anlegget meir robust.

Per i dag bur det 400 arbeidarar i leiren, og den skal utvidast med brakker henta frå Hammerfest for å auka kapasiteten opp til 1.200 personar. Brakkeleiren vert fullt ut utnytta under den kommande revisjonsstansen, i september 2019.

– Under stansen skal det mellom anna gjerast modifiseringar for å auka raffineringskapasiteten for ulike typer råolje.

Equinor Mongstad Liv Løvvik, Rasmus Wille og Per Lerøy 2.JPG

Frå besøket hjå Equinor på Mongstad, Austrheim-rådmann Liv Løvvik, Equinor Mongstad-direktør Rasmus Wille og ordførar i Austrheim Per Lerøy.

Samlar opp oljedamp

Selskapet satsar pengar på fleire store prosjekt, mellom anna med utviding av VOC-anlegget som fangar opp oljedamp i samband med lasting av råoljetankarar. Når produksjonen på Johan Sverdrup-anlegget kjem i gang i 2019 skal meir olje ut på tankarar, og i samband med lastinga skal ein samla opp og handtera damp i form av flyktig organisk karbon frå olja.

Eit tilsvarande anlegg skal byggast for å fanga opp damp frå lasting av bensin på tankbåtar.

– Dei investeringane me gjer no, skal gjera anlegget robust for den kommande perioden, seier Wille.

– Eg er optimist på våre vegner, seier Lerøy.

Kommunen hadde i mange år gode inntekter, men fekk utfordringar etter at dei miste småkommunetilskotet samstundes som næringslivet fekk ein knekk etter at oljeprisen fall kraftig. Auka arbeidsløyse og lågare aktivitet hjå mange bedrifter førte til at også kommunen måtte kutta i sine utgifter.

– Drifta av kommunen var prega av at me hadde hatt gode inntekter. Me må setja tæring etter næring, og er no på rett spor, seier Lerøy.

Med tanke på tilrettelegging for næringslivet er kommunen klar med nye område for både bustadbygging og næring, mellom anna skal Austrheim legga ut eit nytt næringsområde på Mongstad i 2019.

Drift inn i framtida

Sikker drift og god regularitet er viktig for eit raffineri, og er alltid på dagsorden for Equinor. I 2018 er regulariteten drege ned av at ein straumstans stoppa crackeren i 20 dagar. Men som ein ser investerer Equinor no tungt på Mongstad for å sikra god drift vidare, og parallelt med dette vert det sett på kva investeringar ein skal ta med tanke på langsiktig drift for framtida.

– Eit døme er å bestemma kor mykje av olja som vert raffinert som skal komma frå Johan Sverdrup.

Vertskommunane er opptekne av at raffineriet vert tilpassa råolje av Johan Sverdrup-kvalitet. Sidan denne råolja kjem i røyrleidning til Mongstad, vil ei slik tilpassing vera med og sikra raffineridrift på Mongstad i lang tid framover.

– Desse vurderinga vil gå fram til februar i 2019.

– Er optimist

Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) er glad for at det vert investert på Mongstad, investeringane vil gje auka aktivitet for lokalt næringsliv og gje kommunen viktige inntekter.

– Eg er optimist på våre vegner, seier Lerøy.

Kommunen hadde i mange år gode inntekter, men fekk utfordringar etter at dei miste småkommunetilskotet samstundes som næringslivet fekk ein knekk etter at oljeprisen fall kraftig. Auka arbeidsløyse og lågare aktivitet hjå mange bedrifter førte til at også kommunen måtte kutta i sine utgifter.

– Drifta av kommunen var prega av at me hadde hatt gode inntekter. Me må setja tæring etter næring, og er no på rett spor, seier Lerøy.

Med tanke på tilrettelegging for næringslivet er kommunen klar med nye område for både bustadbygging og næring, mellom anna skal Austrheim legga ut eit nytt næringsområde på Mongstad i 2019.

Web levert av CustomPublish