Plan for næringsområde og småbåthamn på Langøyna

Detaljregulering for næringsområde og småbåthamn på Langøyna - del av gnr. 163, planid. 2017005 - Kunngjering.

Kommunestyret godkjente den 08.11.2018 i sak 085/18 følgjande:  

 

Austrheim kommune godkjenner Detaljregulering for næringsområde og småbåthamn på Langøyna - del av gnr. 163, planid. 2017005. Plankart er datert den 01.10.2018 og reguleringsføresegner er datert den 05.10.2018. Grunngjevinga for vedtaket står i saksutgreiinga. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-12. Austrheim kommunestyre godkjenner at Atle Langøy og Åge Sætre kan gjera om naust til rorbu/hytte. Bygga skal ikkje nyttast til heilårsbustad.

 

Planen legg opp til etablering av småbåthamn, utleigehytter/rorbuer, naust, bubilplassar og tilhøyrande servicebygg med båtopplag/garasje, toalett og vaskerom, felleslokale/verkstad og parkeringsplass.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 11. desember 2018 til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.
 

Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

 

Rådmannen
 

Planforslag Langøyna 01.10.18 rev3 (115226)

Planomtale Langøyna, 23.5 (109535)

Reguleringsføresegner Langøyna 5.10.2018 (115227)
 

 

 

Web levert av CustomPublish