Planendring for «Detaljregulering «Breivik/Åråsvågen/Sætremarka» - Andre gongs offentleg ettersyn

Formannskapet i Austrheim kommune vedtok i møte samrøystes den 22.03.2018 rådmannen sitt framlegg til vedtak om å senda planforslag til planendring for «Detaljregulering «Breivik/Åråsvågen/Sætremarka» med planid 2014004 til andre gongs offentleg ettersyn.  

Plankartet er datert 06.03.2018. Reguleringsføresegner og planomtale er datert den 08.03.2018. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-10. Planforslaget vil erstatte gjeldande plan for Breivik/Åråsvågen/Sætremarka. Planområdet er lokalisert vest og nordvest for kommunesenteret og handelssenteret Mastrevik Torg og mot Breivika. Sætremarka og Åråsvågen. Tiltakshavar for planarbeidet er Kystlandsbyen AS v/Bjørn Rune Markhus. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

 

Du kan lesa om planframlegget på Austrheim kommune si heimeside  Det er og mogeleg å sjå planframlegget på kommunehuset.

Merknadar til planforslaget må sendast innan 7. mai 2018 på e-post: post@austrheim.kommune.no eller på post til: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim.

DOKUMENT:

Reguleringsføresegner Kystlandsbyen 08.03.2018

Reguleringsplan, 06.03.2018

Planomtale Sætremarka Åråssvågen, 08.03.2018

Planforslag til planendring for detaljregulering Breivik Åråsvågen

 

 

Rådmannen

Web levert av CustomPublish