Karriere Hordaland_Tekstil_Raud

Tilbod om gratis profesjonell karriererettleiing for vaksne

Karriere Hordaland har opna eit karrieresenter i Knarvik lokalisert i næringslokalet Dampen, med gratis tilbod om karriererettleiing for personar over 19 år. Siste torsdag kvar månad er vi i Austrheim med kontorplass i Næringshagen. Første dag i Austrheim er torsdag 27.sept

Vi rettleiar vaksne i ulike livsfaser, i og utenfor yrkeslivet, rundt tema som utdanningsval, etter- og vidareutdanning, jobbsøk, karriereskift, omstilling, etablering av eigen verksemd, overgang til seniorfase etc. Her får du muligheten til å reflektere rundt ditt utdannings- og yrkesliv i eit langsiktig og heilskapleg perspektiv med ein nøytral samtalepartnar.

 

Kontakt oss på e-post for timebestilling hanne.tysnes@hfk.no i Austrheim eller gå inn på  www.karrierehordaland.no for bestilling av time på karrieresenteret i Knarvik. Det er også mogleg og bestille avtale på telefon eller videorettleiing om du heller ynskjer det.

 

Karriere Hordaland er finansiert av Hordaland Fylkeskommune. Samtalene er konfidensielle og gjennomføres i henhold til nasjonale etiske retningslinjer for karriererettleiing.

 

Velkommen!

 

Web levert av CustomPublish