Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs blir oppheva frå 24/7-2018!

Nedbør den siste tida har ført til at brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen opphevar totalforbodet mot å gjera opp eld utandørs med verknad frå 24/7-2018. Dette gjelder for kommunane Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Dette betyr:

Det generelle bål forbodet mellom 15 april til 15 september er då gjeldande. I dette tidsrommet er det forbod mot å gjøre opp eld i eller i nærleik av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen.

Dette er lov:

  • Du kan framleis grilla eller brenna hageavfall i din eigen hage (kun små mengder). Det er ikkje tillat å brenna søppel i nokon form, heller ikkje bygningsrestar, material eller trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.
  • Grilla på egna stader i for eksempel parkområder eller strandkanten
  • Du kan brenna bål der det openbart ikkje kan medføre brann, men all bål brenning er på eiget ansvar.

Ta omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarlig.

Uavhengig av godkjenning er all bålbrenning er på eige ansvar.

Totalforbodet kan innførast igjen på kort varsel.

 

Brannsjef Austrheim, Rolf Henning Myrmel

Brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes

Brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J Romarheim

Web levert av CustomPublish