Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs!

Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i regionen vår. Brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med 17. juli 2018 kl 08:00.

Forbodet gjelder for kommunane Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen. Forbodet gjeld frå og med 17.07.2018 og framover til me har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

Dette betyr:

Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongs griller, kulegriller, bålpanner, gassgriller, stormkjøkken og andre kokeapparater med brennstoff utandørs.

Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleik av skog og mark.

Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsonen.

Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane.

Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på egen tomt.

Forbodet gjelder ikkje:

Kontrollert bruk av grill i eigen hage. Dette gjelder kunn for gassgrill og el- grill. All anna grilling er forbode!

 

Brannsjef Austerheim, Rolf Henning Myrmel

Brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes

Brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J Romarheim

Web levert av CustomPublish