Ordføraren sitt hjørna

Ordførar i Austrheim Per Lerøy

God jul og godt nyttår.

Julehelsing frå ordførar Per Lerøy

Jul og nyttår nærmar seg og det er på tide å takka for året som no ebbar ut. På grunn av krisa i olje- og gassnæringa har dei siste åra vore svært krevjande for Austrheim kommune. Me har hatt høg arbeidsløyse og høge sosiale kostnader, men utfordringane som kommunen har hatt desse åra kan sjølvsagt ikkje samanliknast med dei utfordringane familiar og enkeltpersonar som har vore direkte råka av krisa har hatt. 

21. desember 2017 Les meir
Ordførar i Austrheim Per Lerøy

Julehelsing frå ordførar Per Lerøy

Kjære innbyggjar.

No står jula for døra og me er klare for nokre rolege fridagar saman med familie og vener. Jula er for meg ein kjærkomen pause midt i den mørkaste årstida. Eg håpar at de som eg vil nytta høvet  til å lada batteria før me tek til på eit nytt og spannande år.

23. desember 2016 Les meir
Flyfoto over Mongstad ingressbilde

Austrheim ved utgangen av 2014

Ordførar Per Lerøy i "Ordførarens hjørna"

Me er i ferd med å leggja to jubileumsår bak oss, i 2013 jubla me over at det var 100 år sidan kvinnene fekk røysterett og at me i realiteten fekk eit «skikkeleg» folkestyre i landet, og i 2014 feirar me at Grunnlova vår, lova som er sjølve fundamentet i den norske velferdsstaten, er 200 år. Me avsluttar desse jubileumsåra med fakkeltog og fyrverkeri på nyttårsaftan i Årvika på Fonnes og eg håpar at mange tek seg tid til å delta på dette arrangementet.

09. desember 2014 Les meir
Oversiktsfoto Kaland skule og barnehage

Ein liten status

Eg ynskjer i dette innlegget å fokusera litt på økonomi, på helsehus, uteområde til Kaland barnehage og omsorgsbustader på Kaland

10. oktober 2014 Les meir
Per Lerøy held tale 17.mai 2014

Ordførar Per Lerøy sine talar 17.mai 2014

Ordførar Per Lerøy hadde dei ærefulle oppdraga å halda tale både ved Nordliheimen og ved bautaen ved kyrkja 17.mai 2014. Talane i sin heilskap finn du her.

30. mai 2014 Les meir
Web levert av CustomPublish